Musikalsk ekstremsport i Osasalen

endresenkornstad_foto-brynjar_vik-2

I Osasalen sundag ettermiddag fekk me servert musikalsk ekstremsport der Sidsel Endresen foretok vokalsk basejumping og Håkon Kornstad dreiv saksofonisk paragliding.

Endresen/Kornstad spelar tidvis saman men har også parti der dei briljerer kvar for seg. Kornstad utforskar klangane i saksofonen dei avkorta tonane dei halve beata den lengtande pusten den djupe bassen den rivande saxen. Spelet hans står til stemma til Endresen som smør står til brød. 

Sidsel Endresen har varme sjel teknikk. Ho er ikkje nøgd med berre den gode melodien ho jagar vidare og utfordrer sitt eige univers. For noko anna univers er det ikkje verdt å utfordra når du er Sidsel Endresen. Hadde Joni Mitchell vore ein betre songar hadde ho sunge som Sidsel. Og i Osasalen på Vossajazz fekk me oppleve stemmeprakta hennar. 

Del gjerne!