
Multikulturell klubbkveld med Club Montmartre
Club Montmarte fylte Café Stationen med deilige multikulturelle rytmar fredag kveld. Instrumenteringa var like eklektisk som dei musikalske påvirkningane. Her var blant anna DJ-pult, cello, bass, perkusjon og cajun, og ein kunne høyre Berlin-techno, amerikansk funk og norsk folkemusikk i dei musikalske krumspringa. Med impulsar frå alle verdshjørne laga Club Montmartre ein inkluderande og groovy klubbkveld, der dei danseglade vossajazzarane fekk rista seg skikkeleg laus!
8. april 2017
Les meir om:
Artikkel under: