Møte mellom viola d’amore og hardingfela

Maurseth og Youssef (Foto: Amalie Johannessen)
Maurseth og Youssef (Foto: Amalie Johannessen)

Då sundagsroen byrja å leggja seg over vossajazzbygda, møttest Jasser Haj Youssef med sin viola d’amore og Benedicte Maurseth med si hardingfele og varme røyst under den opne kyrkjehimmelen i Vangskyrkja. I den harmoniske samklangen mellom orientalsk samtidsmusikk og norsk folkemusikk såg publikum ut til å nyta den meditative stunda. Medan Jasser Haj Youssef tok publikum med på ei tonerik reise med det barokke tolvstrenga strykeinstrumentet sitt, var Benedicte Maurseth si kveding sterkt medverkande til at dette vart eit vellukka musikalsk møte. Konserten vart avslutta med ståande applaus frå den fullsette kyrkja, og kven veit om det ikkje leika eit smil om munnen til englane i taket også?

Del gjerne!