Møte med veggen

vidarrr

Foto: Daniel Melve Kvarme

Vossa Jazz er stolte over å halda høgt nivå på plakatane sine. Plakatkunst er eit omgrep som vert teke på alvor.

Årets Vossa Jazz-kunstnar er fotograf Vidar Herre. Motivet er restane av veggen på den no rivne Enkjeheimen. Både rivinga og motivet i seg sjølv gjev rom for ettertanke ein ser framover med fortida i tankane.
 Kunstnaren har kalla verket «Møte med veggen»:

«Dei fleste av oss har ei fortid… Nokre dører små rom me prøver å stengja bak oss. Gamalt slagg me prøver å gløyma. — Men så opnar dei seg brått opp att og opnar gamle sår. Murpussen slår sprekker. No er det eit tiårsskifte sidan Enkjeheimen gjekk i bakken for å gjera plass til ei ny tid — gje plass til nytt blod i gatebiletet. Det er eit år sidan Ivar B. Løne(85) og Aagot Himle (66) laut gje tapt for gravemaskinene og lova sine lange armar. Lenkjene brast — og framtida med? Kanskje tomta bør bli som ho er for å vitna om gamle dagar? –Eller gje oss noko nytt å bryna oss på til å byggja Noregs hus ilag med europeiske presidentar og andre lokale heltar. Folk treng hus og tinghus treng folk.»

Vidar Herre er ein prisvinnande fotograf busett på Voss og med arbeidsplass i avisa Hordaland.

Del gjerne!