Møster!

Dei som tok turen til Pentagon laurdag kveld fekk oppleve ein intens time med eit stjernelag av musikarar. Sjeldan har termen «draumelag» vore meir passande. Med saksofonist Kjetil Møster i spissen heldt kvartetten på å sprenge sjølvaste Pentagon til pises! Innimellom roa ting seg ned og ein kunne puste ut før det braka laus igjen. Møster fekk saksofonen sin til å buldre og tordne mens Snah og Kapstad spesielt i eit fullstendig vilt midtparti tidvis såg ut til å vere sparring-partnarar eggja fram av smellfeite basstonar frå mister Eilertsen.

 

Møster kunne dessutan avsløre at dei har ei ny plate på trappene. Den kan ein finna i butikkane i september og handlar om ein slags «breiskuldra fugl» si reise til jordas indre. Til hausten etter at plata er komen ut blir det mogleg å få med seg fleire konsertar med  Møster! og det må ein jo elles kjem ein berre til å angre seg sjuk og hamne til sengs men då kan ein alltids trøyste seg med at det finst ein medisin: Møster!