Mørke draumar, stille hagar

Susanna (Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz 2017
Susanna (Foto: Runhild Heggem / Vossa Jazz 2017

Det er noko med Vossasalen minutta før premieren på årets tingingsverk. Forventningane er høge, det summar i rommet. Når det er ein av våre største artistar, Susanna Wallumød, aka Susanna, som har sete i komponiststolen, vert ikkje forventningane mindre. Salen var tettpakka før det 36. tingingsverket skulle framførast. Og inn på scena, som ei yppersteprestinne med sine kappekledde medsystre, trylla ho fram tonar frå flygel, stemmeband og ensemblet sitt. Tittelen «Garden of earthly delights» er teke frå eit kunstverk av Hieronymus Bosch som skildrar farane ved livets freistingar. Her ligg også hovudinspirasjonen: dødssyndar og ekstase. Det er urovekkjande, gyngande, mystisk og insisterande. Som Susanna sjølv syng; “the darkness is on”. Ut i den mørke natta går publikum med lyse, men ettertenksame sinn.

Del gjerne!