Morgondagens jazzstjerner – kveldens radiostjerner

jazzlinja_i_trondheim_terje_nesthus

Det årvisse besøket frå Jazzlinja på NTNU i Trondheim vert ikkje berre godt motteke av ungdom på Voss NRK var til stades og skal senda heile konserten i kveld kl 20 på P2! Det kan det norske folk gle seg til. Arnestaden for komande jazzmusikarar fornektar seg ikkje – med full blåserekkje drivande band og dyktige vokalistar får ein i pose og sekk. Det sjølvskrivne repertoiret spente frå Chick Corea-inspirerte pianotrillar til vakkert balladeri. Ein må kunna konkludera med at nivået lågt jamt skyhøgt – flinkis iblanda ungt pågangsmot – ein uimotståeleg formel.

Om du ikkje er på Vossa Jazz skru på NRK P2 og Jazzklubben i kveld kl 20.03!

 

Del gjerne!