Mølster dansar

Vandreutstillinga “Musea dansar” har tatt steget ut av Trøndelag, og fyrste stopp på ferda er Voss Folkemuseum. Opninga under fredagen på Vossa Jazz byrja med storstilt folkedans av 5. klassingar frå Gjernes skule og avslutta med ei forrykande oppvisning med tango, vossaspringar og halling av lokale dansemeistarar.

Utstillinga, som vert ståande til 1. september 2019, syner dans før og no, og innehaldet strekk seg frå Rørospols til Harlem Shake. Vitjarar får sjå høgdepunkta frå tre ustillingar: Dans i Norge frå Ringve Musikkmuseum, Livets dans frå Sverresborg Folkemuseum og Dains me mæ frå Rockheim, kuratert av Tone H. Erlien. Under Vossa Jazz er utstillinga open laurdag og sundag kl. 12-15 på Voss Folkemuseum.