Mødremøte

Foto: Eirik Åsheim

Dei unge mødrene, bassist Ingebrigt Håker Flaten og fem (mannlege) musikarar frå Austin i Texas, hadde slått saman barnevogna og sløkt lyset på barnerommet då dei inntok Vossasalen natt til laurdag. For den villskapen dei sleppte fri, var ikkje noko for sarte barnesjeler. Flaten sin ståbass såg ut som ein villhest som steila i hendene på den brilijante musikaren, og gjorde det bortimot umogleg å stå i ro framfor scena. Etter eit aldeleles fantastisk parti eit stykke inn i konserten finn eit skifte stad: Flaten byter til vanleg bass, og Stefan Gonzales går bort frå vibrafonen og set seg til bak trommene. Sistnemnde tek likesågodt av seg skjorta i same slengen og ser med eitt til forveksling ut som ein fribrytar bak trommesettet.

Stemninga i salen går frå elektrisk til euforisk. Dei unge mødrene gir jernet, og gir seg ikkje før vibrafonen er kaputt og gitarstrengane ryk og heng og sleng om gitarhalsen. Instrumenta er gått ad undas, men likevel er ikkje publikum mette. Dermed blir det ekstranummer og ekstatiske tilrop, heilt til siste tone tonar ut og me, dei nye barna til The Young Mothers, tuslar ut i Vossanatta med ein sveis som står rett til vêrs.

Del gjerne!