Mikko Innanen & Innkvisito leverte alt i Frakten

mikko_innanen_innkvisito-8

Superimprovisasjon supervariasjon og superperkusjon. Det er ikkje måte på kva ein kan venta seg når Mikko Innanen entrar scenen. Han er sjefen og han sjefar konge. Alt frå blokkfløyteinnspel frå trommis Joonas Riippa til bass samtidig som diskant frå keyboardist Seppo Kantonen fekk publikum servert på Frakgodsen laurdag. Med svenske Fredrik Ljungkvist på saksofon og klarinett var det heile eit sammensurium av deilig frijazz akkurat slik det skal låte. I tillegg til herleg improvisasjon fekk publikum ølkorkar i glas knivar mot gaflar og plastkrus i saksofonen og ikkje minst småfløyter. Det er tydeleg at denne konserten var av den eksperimentelle arten og så absolutt noko å få med seg.

Del gjerne!