Middagselskap der alle er invitert

Petters Festjam feat John Pål Inderberg (Vossa Jazz/Olav Aga)
Petters Festjam feat John Pål Inderberg (Vossa Jazz/Olav Aga)

Petter Dalane inviterte til ein tilfeldigsamansett middagssamankomst, der ein vart servert både entre, hovudrett, dessert og cafe avec. Til forrett serverte dei annonserte musikantane, John Pål Inderberg, Håkon Mjåset Johansen og lokale Oda Steinkopf, ei nydeleg sviskesuppe, med ei og anna pære og litt ingefær. Trad-perlene satt som på ei snor.

Til hovudrett fekk ein diverse tapas med amerikansk vri, med alt frå Coltrane til Hancock. Gjennom hovudrettane fekk ein stadig nye smaksopplevingar, med nye kokkar og servitørar frå ulike konstellasjonar og bakgrunnar. Plutseleg er kontrabassen bytta ut med gitar, flygelet med ein trombone og slik fortsatte det heilt fram til desserten.

Denne delen av selskapet besto av eit like vidt spekter av ingrediensar, der Oleo (Sonny Rollins) sette av garde i eit forrykande tempo, der pianisten verkeleg satte kontrabassisten på prøve og batteristen måtte ta igjen farten frå dei to andre.

Når det var kome til cafe avec braut jazzklubben ut i spontan og ellevill dansing. Ein såg kanskje ikkje mange spor etter kaffi, men avec’en – i samspel med ein nyfunnen fridom, i form av samfunnsopninga, var tydeleg å sjå.

Del gjerne!