Men størst av alt er blåkvalen

NMH Blåkvalstorband (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
NMH Blåkvalstorband (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Det var stinn brakke i foajeen på Gamlekinoen då blåkvalen dukka opp i overflata.

Blåkvalsstorbandet, eller blåkvalsorkesteret, som dirigent Eckhard Baur heller kallar dei, gjev tilhøyrarane ljuve tonar og hugal stemning heilt frå starten av. 32 musikarar frå Noregs Musikkhøgskole har teke turen til årets Vossa Jazz, og med seg har dei mellom anna marimba, perkusjon, cimbasso, fire tromboner, to gitarar og kontrabass.

Stykka er komponert av studentar og tilsette ved Noregs Musikkhøgskole, samt heidersgjest og meddirigent, Steffen Schorn. Sistnemnte har teke med noko så sjeldan som ein tubax, og hentar fram tonar frå djupet. Blåkvaltemaet er ikkje berre nytta for å skildra storleiken på ensemblet, men òg grunna fokuset på dei djupare instrumenta. Lydbølgjene kan kjennast inn til ryggmargen til tider.

Noregs yngre musikargenerasjon er samspelte og trivst godt i musikken, og framsyninga held eit særs høgt nivå. Ståande applaus og trampeklapp frå publikum var absolutt på sin plass!

Del gjerne!