Mektig kombo

riktigivar_orvedal_-_sigvor_d._mala

Poeten Ivar Orvedal  og hans fire medmusikantar smelta ord og tonar ilag på eit framifrå vis til takksame tilskodarar i kulturhuset på denne siste dagen av festivalen. Det var eit mektig samspel av godlyd som vart skapt mellom og rundt dei korte og sylskarpe dikta til Orvedal.  Mest lik ei blanding av sjaman og prest messa han fram bilete som skapte nærast ein episk sakral dyrisk stemning. Med solid støtte av eit pumpande trøorgel ei kraftig blanding av blåsarar drivande  trommer  og ein djup trygg kontrabass skaptest ei vakker ramme for å synka godt ned stolen og la seg føra med.     

Del gjerne!