Meistermøte i klokkeklar toneleik

framside

Det var av naturlege årsaker knytt store forventingar til den fyrste konserten i Osasalen sundag føremiddag der to av Danmark sine ypparste musikarar møttest til samspel. Men Palle Mikkelborg og Thomas Clausen hadde ingen vanskar med å innfri. I ein utforskande toneleik lukkast dei i å spela på alle kvarandre sine musikalske styrkar samt å dra full nytte av den naturlege klangen rommet hadde å tilby. I ei mystisk eksperimenterande svinsing rundt ulike kjende og ukjende tema og heile tida med uomtvisteleg presisjon viste dei to fram ei nedstrippa og kjenslevar side av seg sjølve. Og som Mikkelborg sa det sjølv: ”Vores rejse er det vi har oplevet igennem vores lange liv så der er ingen grund til at si titler; kun Clausen og Mikkelborg”.

Del gjerne!