Me skal jazza oss på Vossa Jazz for alltid!

Etter ei lang rekkje framifrå konsertar på fredagskvelden har festivalstemninga verkeleg sett seg i kroppen. Men så vert jo klokka både tolv og eitt og endå meir, og omsider stilnar musikken.

Dei liflege tonane av Kajfeš Arkester, Charlotte Dos Santos, Vaular og Skadedyr susar framleis i øyro – er kvelden verkeleg over allereie? Klokka er halv to – jaja, då lyt ein vel byrja å tenkje på heimturen og morgondagen då, kanskje.

Eller..? Kva var den lyden?

Høyr!

Det kjem frå Pentagon, kom!

Kva – supergitarist Reine Fiske pluggar inn gitaren! Kjetil Møster opnar saksofonkassa! Hans Hulbækmo tek frem trommestikkene! Den danske Vossa Jazz-yndlingen Kresten Osgood styrer kalaset med fingrane på hammond-tangentane. Og ei drøss andre stjernemusikarar frå kveldens konsertar inntek scena, saman med glade amatørar, til spontant og inkluderande samspel og leikande improvisasjon! Kvelden er ikkje over, det er endå håp! Me skal aldri leggja oss! Me skal jazza oss på Vossa Jazz for alltid!