Mari Persen

mari_persen_1_foto_-_trude_brun_wilhelmsen

Foto: Trude Brun Wilhelmsen

Inntil for kort tid sidan var Mari Persen frå Voss ein godt bevart løyndom i musikk-Noreg. Ho har vore delaktig som fiolinist og arrangør på ei mengde kjende produksjonar som Madrugada sin “Lift me” John Olav Nilsen & Gjengen sin hit “Diamanter og kirsebær” og “Good luck” med Sondre Lerche for å nemna nokre.

Så kom soloplata i 2009 til stormande jubel og innpass på NRK sine spelelister. Dagladet kalla plata “en nytelse” og Aftenposten “en liten forundringspakke” etterfulgt av terningkast 5. Vokalisten og fiolinisten byr på herleg pop-noir ispedd Disney-stemning. I lydlandskapet får du høyre Mari som multi-instrumentalist på mange av låtane. Ho syng spelar piano akustisk gitar orgel Fender Rhodes og fiolin.

Godt inspirert av eit lengre opphald og tangostudier I Buenos Aires samt ei oppriktig interesse for easy-listening så er det duka for hygg kos og høg kvalitet når vossingen tek musikken med på heimebane!

Mari Persen – vokal piano akustisk gitar orgel Fender Rhodes og fiolin
Heine Bugge – trekkspel
Rune Solberg – bass
Tarald Tvedten – trommer
Tommy Haltbakk – gitar

www.myspace.com/maripersen

English:
Mari Persen

Last year saw the fairly well-hidden treasure from Voss Mari Persen revealed as she released her debut album. Having formerly worked as a string arranger on profiled rock acts Madrugada and Sondre Lerche as well as fiddle player and singer on various projects she now immersed with self-penned songs influenced by both Disney cartoons and the streets of Buenos Aires where she lived and studied for a while. The result is as eclectic and exciting and the album received outstanding reviews. Why not eat breakfast out this Saturday morning? Good food and good music was never a bad combination!

Tre Brør Café laurdag kl. 10:30. Billettsal under festivalen.

Del gjerne!