Mangefasettert Hjelmeland

Foto: Ådne Dyrnesli

Folk går mann av huse for å få ein smakebit av Vossa Jazz-prisvinnaraen, Thea Hjelmeland. Med si smektande røyst syner ho at det er mogleg å dekke heile skalaen av toneartar i ein og same song. Emosjonane etter å ha motteke prisen under middagen, eit fredfult augneblink der ho dårleg taklar nyhende, hevdar Thea gagnar dei oppmøtte i Gamlekinoen. Dei er synbart einige. Jubelen heng laust, og etter ein konsert spekka av alt mellom det vare, skjøre til det drivende, rumbainspirerte, vert den mangefasetterte artisten heia inn at på scena ved resolutt applaus, hoiing og klapping.

Del gjerne!