Mambo bambino

Mambokameratane (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Syngande og dansande born i alle aldre fylte sal og scene i Vossasalen laurdag ettermiddag. Det store Badnajazzkoret imponerte stort med spanske glosar, klåre stemmar og innleving, og dei unge solistane briljerte over det stødige og drivande kompet til Mambo Compañeros. Foran scena yngla det av dansande smårollingar som gjorde sitt beste for å etterlikne dei leikne rørslene til frontfigur Alexander Fernandez. Og jommen kom drilljentene òg, og fascinerte publikum med flott drilling i takt med dei latinamerikanske rytmane. Mambokameratane sørga for ein sjarmerande, medrivande og livleg avslutning på Badnajazz-programmet på Vossa Jazz 2017.

Del gjerne!