Målpris til Vossa Jazz

Pris for god offentleg målbruk blir delt ut annakvart år til ei offentleg verksemd som arbeider med å fremje nynorsk eller til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i offentleg rom. Det er styret i LNK som er jury og prisen er på 50 000 kroner og eit trykk av Ludvig Eikaas.

I grunngjevinga heiter det m.a.: «Hjå Vossa Jazz har det alltid gått på engelsk og nynorsk. I pressemeldingar programomtalar kontakt med det offentlege og internt har det alltid gått på nynorsk. I den hippe urbane kunstforma jazz har Vossa Jazz gjort nynorsken naturleg. Gjennom eit alternativt vokabular og seiemåtar har Vossa Jazz greidd å verbalisera felles opplevingar slik at det kjennest naturleg og rett både for nynorsk- og bokmålsbrukarar. Eit godt døme kan vera at Vossa Jazz sin konsekvente bruk av nynorsk har ført til at mange bokmålsbrukarar i dag nyttar termen tingingsverk.

Vossa Jazz fyller 40 år i år og juryen meiner festivalen står fram i den internasjonale festivalfloraen med ein sterk og særmerkt identitet. Nynorsken er ein sentral del av denne identiteten.»