Maksimalisme til massane!

Tingingsverket er basert på klassiske europeiske tradisjonar med innslag av strykarar harpe og cembalo. Det enkle er ikkje det beste i denne samanhengen og frå første stund er munter maksimalisme gjennomgangstema i musikken. Verket har fått den leikande tittelen ”Flip” og leik vert det! Carstensen får med seg ein fullsett Vossasal frå første trekkspeldrag. Den multiinstrumentelle kompositøren nektar å pressa tingingsverket inn i ei fast form men samlar heller ensemblet og sjangrane i ei saftpresse der alle bidreg til å laga ein heilskapleg drykk med smakar frå barokk folkemusikk austen og jazz alt dynka med nydeleg harpemusikk. Drykken er drivande spenstig energisk og sprudlande! Med Carstensen sitt uhøgtidlege samspel med ensemble og publikum vert tingingsverket ei høgtidstund der ein heldigvis ikkje sparar på energi humor og kjærleik til musikken.

Del gjerne!