Makelaust meistermøte

adne-1

Det var eit stilreint meistermøte som venta publikum då interesserte frå inn- og utbygd stimla saman i Vossasalen laurdag kveld. Dei to musikarane med initialane KB Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad entra ei mørklagt scene nærast berre lyst opp av dei sjølve og deira usedvanleg sterke nærvær og utstråling.

Konteksten for samankomsten var ei felles interesse for den ukjende litterære sida av kunstnarskapen til Edvard Munch. Saman har Bremnes og Bjørnstad nemleg laga ei plate der tekstar signert den kjende malaren står i hovudsetet. Dette vert tydeleggjort også på scena der dei leikande melodilinjene nærast tvingar ein til å lytta til orda like mykje som musikken. Gjennom lyriske og prosaiske vendingar får ein like mykje innblikk i Munch sitt kunstnarsinn som i musikarane sine opplevingar i møte med hans tekst.

Konserten gjennom tronar Bjørnstad ved flygelet som ein audmjuk gigant der dei mjuke hendene hans perfekt utfyller kraftuttrykket til den jordnære folkedivaen på vokal. Og sjølv om materialet er av det meir melankolske slaget finn duoen likevel rom for leik og sprell. For slik det også vart hevda i Dagsrevyen for ei tid attende sjølv om det dreier seg om triste tema vert ein glad av å høyra på likevel!

Del gjerne!