Majestetiske Kira og kamplystne Maria

Kira Skov/Maria Faust (Foto:Vossa Jazz/ Runhild Heggem)
Kira Skov/Maria Faust (Foto:Vossa Jazz/ Runhild Heggem)

Lat oss konstatere det ein gong for alle, musikk er mektigare enn sverdet! For det var eit krosstog frå det tidlegare russisk-ortodokse Estland, via Danmark, som fann sin heim i Vangskyrkja denne sundagen.

Leia ann av den framifrå  generalen Maria Faust (saksofon) og feltmarskalk Kira Skov (vokal), tar dette krosstoget opp kampen for det undertrykte og utryddingstruga.  Med marsjliknande skarptrommer og ein revelje av ein trompet, eit taktfast samspel mellom bassklarinett og kontrabass, ein hylande tenorsaks og eit sakralt og harmonisk kor, fylte artistane kyrkjerommet med både håp, tru og varme. Dette var ikkje eit krosstog i Rikard Løvehjarte si and, men snarare eitt for å oppretthalde og ta tilbake ei kulturarv som er i ferd med å forsvinne. Dei sikta mot stjernene istaden for den bysantinske mosaikken, og før ein visste ordet av det var ein verkeleg heva opp i ein høgare himmelheim.

Dei samanvevde komposisjonane med alt frå estisk folklore til ortodokse hymnar saman med intensiteten i blåsarane og den kraftfulle vokalen til Skov, vart dette ei oppleving heilt av det sjeldne!

 

Del gjerne!