Majestetisk ur-jazz frå Danmark

framside-marlin

Tronande midt i eit trommesett som likna meir ei slags steinalderborg enn eit moderne musikkinstrument leverte den amerikansk-danske superkvinna Marilyn Mazur ein glimrande konsert. Glade sørhavsrytmar blanda seg leikande lett med jazzakkordar og utforskande akkompagnement som saman bygde flott opp rundt eit allsidig trommespel som heile tida stod i sentrum. Fint spedd ut med meir eksentriske og drøymeaktige parti regelrett mana musikarane fram sterke kjensler og skildringar for å skapa eit inkluderande og hyggeleg konsertrom. For dei som ikkje skulle vidare til Amund Maarud på Park må Celestian Circle slik ha vore ei perfekt avrunding av Vossa Jazz 2012.

Del gjerne!