Morgonrode (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Magisk musisering med Morgonrode

Både folk og fe vart lokka til Osasalen laurdag morgon for ein fantastisk start på konsertdagen. Med kjenslege krullar og god botn i bassen er Morgonrode verkeleg blant den venaste musikken i Noreg om dagen.

Helga Myhr, Selma French Bolstad og Rasmus Kjorstad hadde full kontroll på både stemmebandet og felestrengene, medan Fredrik Luhr Dietrichson tidsvis slang seg på med ei understemme like djup som bassen sin. Olaf Olavsen var vikar på slagverk, og då var det naturlegvis inga grunn til å ottast for grooven.

Smidig samspel, klokkerein kveding og duglege dissonansar fascinerte publikum, som var einige om at konserten gjerne kunne ha vore endå litt lenger.

Artikkel under:

Arkiv