Magisk månereise med Maurseth og Summers

Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers: Màni. foto: vossajazz/Runhild Heggem
Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers: Màni. foto: vossajazz/Runhild Heggem

Ikkje ein einaste stol var ledig då det klangfulle lokalet Nain blei fylt med fyldige feletonar frå Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers sitt tingingsverk Màni laurdag. Saman med modellar av lysande måner var musikarane plassert i midten av rommet med publikum på alle kantar. Dei vakre melodiane vikla seg klangfullt saman i eit perfekt møte mellom det tradisjonelle og nyskapande.

Saman med flott lyskunst av Randiane Sandboe skapte den dynamiske duoen ein sitrande stemning publikum seint vil gløyme.

Del gjerne!