Lyrisk og humørfylt samspel i Vossabanken

Jazzlina ved Griegakademiet (Foto: Vossajazz/Runhild Heggem)
Jazzlina ved Griegakademiet (Foto: Vossajazz/Runhild Heggem)

Banksjef Jørund Rong fekk æra av å introdusera Griegakademi-studentane, som stilte med nyskriven musikk i ein fullstappa Voss Sparebank fredag ettermiddag. Dei tolv studentane fylte den intime scena i det elles opne banklandskapet med eit variert og sjangeroverskridande repertoar. Framtida er lys for norsk jazz!

Ballet vart opna med den «lee ritenourske», groovy låten «Floyd» av Freddy Banker, tett følgt av den eigenkomponerte vokaljazzlåten «offline» – eit særs vellukka frieri til tradjazz-elskarane, med ein nesten lyrisk saksofon i vent samspel med vokalen til Andrea Ådland. Vidare kom det friare musikk med hese trompetar, tett akkompagnert av dei to perkusjonistane, deriblant Voss sin eigen Gaute Ullestad Moen. Ein gnistrande kontrabass-solo hausta trampeklapp i salen og fleire hyllande nikk frå dei andre solistane. Dei runda av med aust-europeisk valsetakt, som vakte øyredøyvande applaus og store smil både i salen og på scena.

Del gjerne!