Lunt og levande frå Söta Bror

emilia_martensson

Den svenske songaren med base i London vert ikkje kalla «britisk jazz sitt nye andlete» for inkje. Med seg på Vossajazz har ho bassisten Sam Lasserson perkusjonisten Adriano Adewale og pianisten Barry Green. Saman med musikarane tek Emilia Mårtensson oss med på ei musikalsk vandring gjennom svenske skogar og slaviske sletter.

Mårtensson opnar konserten acapella og kjem frå fyrste tone heilt nært inntil publikum medan ho leikar i landskapet mellom jazz verdsmusikk og svensk tradisjonsmusikk. Kvartetten skapar stødig sjarmerande og til tider suggregerande musikk. I «Våren kom i år» kan ein mest sjå sola glime i dråpar som fell til jorda for å gje mon til ny grøde. I ein eigenkomponerte song «Anna» har Mårtensson teke til seg mormora si rettleiing og skapa musikk av dette.

Ved å sjå seg rundt i salen kan ein merke at Mårtensson appellerar til eit breidt publikum. Her er menneske i alle aldrar og fasongar. Somme let att augo somme nikkar til takten og somme smilar. Alle ser dei ut til å njota tonane som så lunt og lekkert vert dei servert. Slik føde er varmt velkomen på elles kald fredagskveld.

Del gjerne!