LOTUS – Signe Emmeluth med impro-rock

Foto: Lotus

LOTUS

Impro-rock med funky botn

Signe Emmeluth – saksofon
Karl Bjorå – gitar
Chris Holm – bass
Olaf Olsen – trommer

Det relativt nye bandet Lotus drar oss ut i ein improvisert fri-rockfest med nok energi til å driva ein by. Med Olaf Olsen (Big Bang) og Chris Holm (Sondre Lerche) sin bakgrunn i pop og rock, og Signe Emmeluth (Emmeluth’s Amoeba) og Karl Bjorå (Megalodon Collective) sin bakgrunn i fri improvisasjon og jazz, møtast alle med ei felles fasinasjon for fri musikk frå 60-talet. Her finn bandet felles grunn, der riff, melodiar og rytmar vert strekt og bøygd i ei sunn blanding av respekt og fandenivoldskheit.

Kom på Jazzklubben på Park fredag 11. april!

Del gjerne!