Likandes tingingsverk frå Side Brok

badnajazz_c_adrian_sognen_-_vossajazz_1_of_1

Tingingsverket til Badnajazzen var i år av Side Brok. Runar Gudnason har i førekant av festivalen lært ungdommar frå Voss og Ulvik å rappe og på konserten framførte dei unge musikarane tøff sjølvskriven rap kule gitarsoloar og imponerande bongotrommer. Åsmund Lauvstad Sæter dansa flott hallingdans og nummeret med Martha på hardingfele var svært bra. Alt i alt ein svært underhaldande og livlig konsert.
I førekant av konserten vart Badnajazzprisen 2010 tildelt dei Badnajazzen er for med og av; borna sjølve. Den flotte prisen som er eit bilete laga av born på Badnajazz får Voss
kommune æra av å henga på ein synleg stad.
Badnajazzen har i år 10-årsjubileum og prisen som gjekk til borna sjølve vart feira med bollar og saft etter konserten.

Del gjerne!