“Let’s have fun”

ingrid_lukas_0

“Let’s have fun” sa Lukas og det hadde vi. Publikum fekk oppleve ein konsert som mellom anna kopla estiske folketonar med jazz og soul i ei pakning som både var kul og ekte. Lukas og musikarane spelte fleire instrument kvar og såg ut til å storkose seg på scenen. Ute i salen var stemninga også på topp. Lukas var uhøgtideleg og profesjonell og ho engasjerte publikum med si vakre røyst og sjarmerande framferd. Ho fekk også publikum med på allsong og responsen var fantastisk. Vi kjente oss rett og slett heldige som fekk vere med på dette.

Del gjerne!