Lercha jubla høgt i sky

Sondre Lerche (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Sondre Lerche (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Ein regntung dag i 2004. Utanfor amfi stilte Sondre Lerche opp med plata «Two way monologue» og ein kassegitar i ein trailer. Det var den gongen, no er heldigvis no. For Lercha jubla høgt i sky, den song våren endeleg inn på ny.

Sondre Lerche viste fram både ny og gamal musikk i Vossasalen – der monologen tydeleg gjekk to vegar. Publikum var svært oppglødde over denne monologen, noko som skapte ein varm og intim atmosfære i salen. Frå fyrste stund til den siste hadde bandet publikum i si hule hand, med både flørting og vitsing om låtar og halvgode konsertopplevingar. Eit høgdepunkt for mange var truleg då Dave (trommer) dukka opp på scena ikledd eit kostyme som eit gjenferd medan han trakterte nye perkusjonsinstrument. Eit anna var nok då den lokale helten Elisabeth Lid Trøen med eitt kom på scenen og spelte ein slags duett med påfylgjande solo saman med Sondre.

Mot slutten av konserten dukka det opp endå fleir gjester i form av både Gard Nilssen (Bushman’s Revenge) og ein ny lokal helt i form av Kåre Opheim på perkusjon. Publikumsfrieriet og laurdagskvelden var komplett!

Del gjerne!