Etter utekonserten og påfølgjande jazzparade var både born og artistar klare for meir moro og leik i Voss Kulturhus laurdag føremiddag. Først ut var Roald Kaldestad som inviterte til kurs i heavy guitar saman med heavy-katten og discodansemusa. Her fekk alle prøva seg på rocke-positurar og «head banging» – og det var tydeleg at dei fleste ungane og nokon av dei vaksne var klar til bidra vidare på neste konsert.
Neste post på programmet var urframføringa av Cinclus cinclus – eit prosjekt fra Vestnorsk Jazzsenter og Jazz North. Cinclus cinclus er det latinske namnet på vår nasjonalfugl fossekallen. Maja, Matt, Per og Terje tok oss med på ein fengslande lydjakt – som framkalte fantasibilete av flaksande, syngande fuglar, sildrande bekkar, valdsame vindar og alle tenkelege og utenkelege dyr og vesen.
Fleire av borna fekk prøva seg på ulike instrument – både organisert av Isungset og Jørgensen – og i fri improvisasjon i ekte (Vossa) jazz-ande.. Musikarane spelte vidare på ungane sine lydar, og eit unikt samspel på tvers av generasjonar oppstod.
Formidlinga og spelegleda smitta over på tilhøyrarane og me blei alle dregen inn i lydjakta. Det er også ein viss fare for at både trommesett (eller to steinar og nokre pinnar) kjem på ynskjelista hjå fleire etter denne konsertopplevinga.
Hugs Badnajazz på sundag: – Mads Berven og BadnaJazz-koret inviterer til badnatingingsverket «Ka så!» i Vossasalen kl 13.00.



