Kveik med kvikke replikkar

Kveik-2

Gamlekinoen hadde rekordoppslutning på årets Vossakveik. Årets tema, utvikling i sentrum (i vid tyding) engasjerte tydeleg publikum. Veg, jernabane, sentrumsutvikling – kor skal Voss gå vidare? Vossakveik er seminaret for alle som interesserer seg for bygda og regionen. Målet er å kveika engasjenmentet hjå folk og kanskje også provosera. Det klarte føredragshaldarane arkitekt Alexandria Algard frå Stavanger,samfunns- og betrevitar Frank Aarebrot og Putte Svensson frå Rock City Road. Paneldebatten vakte også tankeverksemda med ordførar Hans-Erik Ringkjøb, arkitekt Mari Myklebust, Anne Marie Opheim frå Amfi og Bjørn Senderud frå Voss Sentrum. Dei musikalske innslaga stod tingingsverkkomponisk Nils Økland og band for samt Vigleik Storaas og Bjørn Alterhaug. Sistnemnde drog på med improvisasjon som høver seg for ein stolt jazzfestival som Vossa Jazz.

Del gjerne!