Kvardagslege historiar om inkludering og kjærleik i elegant popuniform

Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz - 775A3828

Me fekk glede å oppleva Ingebjørg Bratland avslutta Vossa Jazz sundag kveld. Med dei musikalske røtene djupt planta i folkemusikken, gjer Bratland og bandet hennar denne musikken tilgjengeleg for fleire. Piano og komp lagar eit luftig og fengjande lydbilete som svøper seg rundt den kraftfulle stemma hennar som vinden rundt grantrea i Vinje. Fantastisk gitarsoloar frå Sjur Husom Vonen sendte vindkast gjennom publikum.

Fleire av låtane vart introduserte gjennom Bratland sine eigne historier frå barndommen. Tekstane er kvardagslege historier som ein både kan plassera i det kuperte kulturlandskapet i Telemark for 500 år sidan, eller i Vossasalen i kveld. Dette vart krydra med norske tolkingar av kjende låtar av Leonard Cohen og Bob Dylan.

Felles tema var inkludering og kjærleik – ein raud tråd gjennom heile festivalen. Ei verdig avslutning på den 45. Vossa Jazz.

Del gjerne!