Kvardagsleg og skarp politisk satire på Vossa Jazza

det_norske_poesi_-_sigvor_mala

Norske Poesi & Satireorkester sjonglerte stilsikkert mellom kåsering rundtdet kvardagslege og skarp politisk satire i god P2-ånd då dei fyrte laus medordkunst til kledelege jazztonar frå piano og ein særdeles snappy bass påFleischer’s i kveld. Humorist Dagfinn Nordbø pirra lattermuskulaturen tilpublikum med treffande om dog politisk ukorrekte formuleringar om paven ogbruk av prevensjon farga av ein ordbruk som strir mot alt kristent reglement.

Vigleik Storaas står med hovudet ned i den delikate bakenden på flygelet og spelar som best han kan på alle strengane mens Norbø virtoust kåsererrundt detaljhysteri og mannen i gata sin mangel på høflegheit. Dette vert mottatt av humring flir og tidvis gapskratt frå eit etter kvart godt oppvarmafestivalpublikum.

Del gjerne!