Kuara til Vossa Jazz

kuara_trio_3

Trompetist Per Jørgensen har med det unike musikalske prosjektet “Kuara” slått seg saman med dei finske ringrevane Markku Ounaskari og Samuli Mikkonen. Trioen har teke jazzbakgrunnen sin over i folkemusikken med russiske salmar og finsk-ugriske folketonar.

Her er det snakk om eit fredeleg lydlandskap med rom for improvisasjon og nye idear. Namnet Kuára betyr lyd på udmyrtisk og dei finsk-ugriske områda Udmyrtia Vepsä og Aust-Karelen er særskilde kjelder til det musikalske bakteppet med sine førkristne tradisjonar. Med dei ortodokse salmane oppstår ein musikalsk spenning men samstundes ein logisk kombinasjon då Finland i stor grad er møtepunktet mellom dei to motpolane. Plata med same namn er nyleg utgitt på ECM. La øyrer og sinn vera opne for denne kvelden med sakrale tonar.

Per Jørgensen – trompet vokal
Samuli Mikkonen – piano
Markku Ounaskari – trommer

www.ecmrecords.com

 

Del gjerne!