Krumspring og speleglede

Foto: Odin Drønen, VossaJazz

Gabriel Fliflet sine ord før konserten var: ”Blåserekker skal gjalle, belger skal briste og slagverk velte.” Og me fekk det me var lova. Samarbeidet mellom Fliflet, Hamre og Bergen Big Band vart ein stor oppleving. Fliflet starta med å synge på spansk og fortsette vidare på bergensk og rumensk.

Innimellom dei ulike krumpspringa til Fliflet, Hamre fekk Bergen Big Band også rom til å visa fram eigne arrangement, med tilhøyrande flotte solonummer.

Me fekk også sjå Ole Hamre step-danse under ein av nummera til jubel og tilrop frå salen. Dette var berre eit av mange gode eksempel på den overfloden av speleglede tilhøyrarane fekk oppleve i Gamlekinoen på sundag.

 

Del gjerne!