Kroke

luke_11_kroke_web_foto_jacek_dylag

Foto: Jacek Dylag

Kroke betyr rett og slett Krakow på jiddisk og då er me straks inne på kva musikk me blir presentert for! Det polske bandet med base i Krakow starta opp i 1992 og har spesialisert seg på klezmermusikk den tradisjonelle musikken som jødane spelte. Dette har dei ispedd sterke impulsar frå Balkan samt nokre sveip innom Orienten og India. Det heile blir ein slags jazz-world-fusion som ikkje ser ut til å nokon gong gå av moten.

Etter at Steven Spielberg såg Kroke live medan dei var i Krakow under filminga av Schindlers Liste booka han dei til å spela på gjenforeiningsmarkeringa i Jerusalem. Han tipsa òg Peter Gabriel som brukte dei til soundtracket «Rabbit-proof fence». I mellom plateutgjevingar og speling på festivalar i heile verda så har dei fått tid til eit langvarig samarbeid med fiolinisten Nigel Kennedy og orkesteret Sinfonietta Cracovia. Dei gjestar Vossa Jazz saman med folkemusikkgruppa Tindra. Sjå fram til ein spennande kveld!
Jerzy Bawoł – trekkspel
Tomasz Kukurba – bratsj
Tomasz Lato – kontrabass


In English
:
Kroke means Cracow in Yiddish and already we sense the essence here. This acclaimed klezmer band started up in 1992 and has toured around the world to a seemingly tireless audience. There is something about this Jewish folk music with hints of the Orient and the Balkans that never seems to go out of fashion. Having worked with Nigel Kennedy and the Sinfonietta Cracovia they are visiting Voss with Norwegian folk music group Tindra and another success is on our (and their!) hands!

Del gjerne!