Kristiiiiiiine!

Kristine Valdresdatter (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz 2017)
Kristine Valdresdatter (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz 2017)

Det var ikkje mykje vi fekk sjå til Kristine Valdresdatter i Gamlekinoen laurdag ettermiddag. Den kolbogeflamme-drivne filmframvisaren frå 1920-talet som dyktige folk frå Cinemateket i Bergen hadde rigga klar fredag natt, ville rett og slett ikkje samarbeide – trass iherdig handsveiving. Publikum fekk likevel ei fantastisk musikalsk oppleving. Stykket som Anders Røine skreiv i 2013 står seg svært godt på eiga hand, og har fått ein fortent Spellemannspris. Saman med Marit Kalberg, Sondre Meisfjord og Hans Hulbækmo formidla Røine stemningar og eit malande lydbilete iblanda vakre harmoniar, var kveding og rytmetung americana. Røine sjølv antyda at framføringa kanskje vart litt langdryg – med bakgrunn i den forseinka starten og manglande film, men den entusiastiske applausen ved konsertslutt viste at publikum på ingen måte var einige i det.

Del gjerne!