Kresten avslutta laurdagsfezzten

Kresten Osgood Quintet (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Kresten Osgood Quintet (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Trøytte vossajazzarar har vore på konsert etter konsert heile laurdagen, og dei fleste var klare for å reisa heim i sengs etter denne lange laurdagen. Men for nokre var festen framleis ikkje over. Dei få, som seinare vart mange, som hadde funne vegen inn til pentagon kunne nyta gal-vill dansk jazz frå den intime scena i pentagon.

Diverre for publikum så vart det som skulle ha vore ein quintet, degradert til ein quartet. Pianisten Jeppe Zeeberg  kunne i følge Kresten ikkje møte opp fordi han sleit med ein fingerskade etter å ha spelt sjakk på ein «gay fetish bar». Det vart difor rullingering på scena, som ikkje hadde noko påverknad for jazzen eller det danseglade publikum i salen. Den vakante pianokrakken vart fort sete for ein ivrig og energisk Kresten som skar grimaser gjennom heile konserten.

Plutselig midt i det som kan kallas ein jam-preview, fòr lydmann Ørjan Borje opp på scena og var, for eing gong skuld, på den rette sida av mixerbordet for å spela trommer. Og når journalist og saksofonist T.S Høeg vart invitert på scena, var jammen eit faktum. Unge musikarar som har spela på Vossa Jazz entra scena frå fremste rad med diverse perkusjonsinstrument, og i alt stod eit 20-talls mennesker på scena då Kresten stakk for å kjøpe øl. «Go home» sa Kresten, men ein kan trygt seie at ingen drog heim frå laurdagsjammen, og i følge rykta måtte det vaktar til for å ende jammen som varte djupt inn i sundagsmorgon.

Del gjerne!