Kraftfulle skrik i natta

Foto: Eirik Åsheim

Kor mange danskar må til for å skru i ei lyspære? Det er ikkje godt å seia, men etter å ha sett The Savage Rose live, er det klokkeklart at ein ikkje treng meir enn åtte danskar for å stella i stand ein heidundrande  konsert!

Få har sett Vossajazz i ein slik ekstase som då The Savage Rose tok publikum med storm i Vossasalen i natt. Med alt frå kraftfulle skrik i energifylte rocke- og soullåtar til mjuk og raspande vokal i melankolske balladar, hadde ikkje publikum anna val enn å leva seg inn i musikken. Ja, til og med dei sitjande publikumarane måtte gje slepp og la dansefoten ta styringa, då bandet spelte så trommeskruane rauk og mikrofonane velta.

Med eit dyktig band, med alt frå svingande koristar til ein rockande Hammond-organist, imponerte The Savage Rose tilhøyrarane i Vossasalen i kveld!

Del gjerne!