Kortreist veg til stjernene

Hildo, Foto Eirik Åsheim, Vossa Jazz

Hildo heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Hildo er òg eit samarbeid mellom Vossa Jazz og Riksscenen og det var klar for urframføring i Gamlekinoen laurdags kveld. I ein fullstappa og sviett sal var alt klart for to av våre aller mest klangfulle og sagnomsuste vossingar: Tore Brunborg og Berit Opheim. Dei hadde fått med seg Kåre Opheim, Steinar Raknes og Stein Urheim som saman danna eit stjernelag.

Berit Opheim meldte sjølv at i tillegg til kortreiste musikarar skulle me få høyra hovedsakleg kortreiste vakre låtar og slåttar, arrangert i ny jazzdrakt – og her fekk me høyra om både praktfulle Lønahorgi, nostalgiske Finnesloftet, og sjølvsagt om Hildo. Historia om korleis klokka forsvann ned i djupet av fjorden utanfor Bolstad minner oss om at vene Voss er staden der me alle vil vere.

Brunborg leia det erfarne stjernelaget gjennom dei ulike arrangementa – og dei fekk alle høve til å skine både på instrumentar og Berit med si magiske stemme. Kåre Opheim gjennomførte ein trommesolo som var ei saleg reise til stjernene verdig.

Dei avslutta med ein kveldssong – sjølvsagt til ståande applaus fra ein tettpakka kinosal.

Del gjerne!