Kornstad-veko i gang

Denne veka skal saksofonisten Håkon Kornstad vera vossing. Han skal halda konsertar i Voss barnehage på Vetleflaten omsorgssenter og ha stå-opp-jazz for næringslivet. I tillegg skal han jobba med Voss jazzskule og Vossa Jazz si ungdomssatsing UNGjaJAZZja. Kornstad avsluttar veka på Voss med Krossover-konsert på Osafestivalen.

Kornstad-veko er eit samarbeid mellom Osafestivalen Vossa Jazz og Vestnorsk jazzsenter/ VRAK. – Håkon har uttrykt interesse for å jobba på denne måten og me har tatt han på ordet. Det er utruleg inspirerande å ha ein kapasitet som Håkon på Voss ei heile veke.

Håkon Kornstad er kjent på Voss. Ein del festivaljobbar har det blitt opp gjennom åra seinast med Sidsel Endresen under årets Vossa Jazz. Han gler seg til å koma hit ei heile veke. – Det er fint å kunna jobba på ein plass over tid som ei avveksling til turnélivet. Eg gler meg seier ein forventningsfull Håkon Kornstad.