Kontemplasjon i Vossasalen

bugge_wesseltoft_0

 

Bugge innleidde konserten med å mimre tilbake til nittitalet då Vossa Jazz på mange måtar verka som eit springbrett for den vidare verksemda hans som jazzmusikar. Med eit smil om munnen sette han seg så ved sitt pianoforte der vakre og vare tonar vart produserte  og spreidde utover dei oppmøtte som kunne senke skuldrene i salig velvære.

Artisten var eitt med musikken og lente seg stundom bakover med strake armar på tangentane i lidenskapeleg spel medan publikum sat i andektig tystnad og lét den varme klangen frå pianoet balsamere sletne øyrekanalar.

Dette var vakkert.            

Del gjerne!