Helene Bøksle gjestar Voss for første gong 8. september saman med dei flotte musikarane Torbjørn Økland og Helge Lilletvedt. Økland såg me sist då han var med på Tingingsverket til broren Nils under årets Vossas Jazz. Denne trioen har eit spesielt musikalsk særpreg, og det vert nok ei vakker konsertoppleving i Vangskyrkja denne torsdagskvelden.
Helene Bøksle er ein av Noregs fremste songarar innan moderne tradisjonell musikk, og i sommar har ho turnert i store delar av landet med si nyaste plate «Sanger fra vår ø», som ho gav ut saman med far sin, visesongar Ivar Bøksle.
– Jeg gleder meg til å komme til Voss. Det har lenge vært et stort ønske for meg, siden jeg vet det er et sted som tar godt vare på musikerne som kommer på besøk. Jeg har med meg to av Norges flotteste musikere, Helge Lilletvedt på piano og Torbjørn Økland på gitar og trompet, så dette blir en helt spesiell kveld. Vi er også så heldige å ha med oss barn fra lokale kor, sier Helene Bøksle.
Musikarar:
Helene Bøksle (vokal)
Helge Lilletvedt (piano)
Torbjørn Økland (gitar og trompet)
Eit kor med born frå MiniMidi Sing, TweenSing og Badnajazzkoret deltek på nokre av songane.
Billettpris: 300 kr/ born under 13 år 100 kr, pluss gebyr. Kjøp billettar hjå TicketCo.