Konsentrert kyrkjelyd i orgeltranse

Ståle Storløkken, Foto: Vossa Jazz/ Anders Flatlandsmo
Ståle Storløkken, Foto: Vossa Jazz/ Anders Flatlandsmo

Det er noko eige med å setje seg ned i Vangskyrkja og lata orgelet fylle kropp og sjel med mektig toneprakt. Ekstra stas vert det når det er sjølvaste Ståle Storløkken, tangent-trollmannen frå Elephant 9 og Supersilent som manar fram ei parallell musikalsk verd i dette eldgamle bygget frå 1270-talet. 

Og sjølv om orgelet i seg sjølv ikkje er eldre enn 22 år gamalt, og den tangentlause synthen som supplerte orgelet truleg er enno yngre, (eit Continuum fingerboard, for dykk som er nerd nok til å lura på dette), vart me av Storløkken sendt ut på ei reise gjennom tid, stad og rom. 

Frå tonerekkene kunne ein plukka opp element som opna assosiasjonar til filmkomponist Hans Zimmer, Claude Debussy (om han hadde levd lenger inn i modernismen) og deler av salmearven vår. Det var ein konsentrert og lyttande kyrkelyd som med seg Ståle Storløkken i Vangskyrkja fredag ettermiddag. 

Del gjerne!