Det var kø langt inn i restauranten på Park då Natalie Sandtorv og bandet byrja å spele på Café Stationen laurdag kveld. Ikkje merkeleg, for dette var ein konsert med unik energi og tonnevis av trøkk.
Natalie Sandtorv har ei unik evne til innleving – ho (og dei blinkande gullpaljettskoa) nærast svevde over scenegolvet under dei musikalske klimaksa. Fleire gonger pressa ho den kraftfulle stemma si mot det primale, men aldri utan å miste kontroll. Gåsehud!
Musikken sender tankane mot artistar som Highasakite, Susanne Sundfør og Aurora. Men Natalie Sandtorv og bandet er meir kompromisslause enn desse, med eit lydbilete som trekk vekslar på støymusikk, ambient og samtidsjazz. Dei er rett og slett endå tøffare og meir hardtslåande!