Knallåpning med Keita og Kora

Salif Keita (foto: Vossa Jazz/Maiken Solholm Vik)
Salif Keita (foto: Vossa Jazz/Maiken Solholm Vik)

Vossasalen er tradisjonen tru fylt til randen i det Lars Saabye Christensen åpnar den 46. Vossa Jazzen. «Jazz er uro», seier han, «det er som ein anna plass». Kven betre til å tonesetja det enn Salif Keita, som i løpet av få minutt har transportert oss langt vekk frå fjordar og fjell. Den spreke 70-åringen frå Mali har, saman med sine ni eminente musikarar, fått det ærefulle oppdraget å halda opningskonserten på årets festival.

Blant musikarane finn me blant anna Mamadou Diabate som imponerer på Kora, eit vest-afrikansk strengeinstrument. Midt i konserten vert scenen overlatt til Diabate som trollbind oss med denne luttliknande harpegitaren. Molobaly Kone på perkusjon skal òg ha mykje av æra for denne energiske framsyninga, og bandet i sin heilskap framstår som trygge og samspelte.

Midtvegs i konserten oppfordrar Salif publikum om å vera med å dansa, og salen er ikkje vanskelege å be. Brått reiser heile Vossasalen seg, og både Vossingar og tilreisande får endeleg svingt seg til den enormt fengande musikken. Makan til oppbygging! Salif og kompani gjer en formidabel jobb med å varma opp publikum, bokstavleg talt. Konserten vert avslutta på topp der dei fleste i salen har dansa seg inn i endorfinrus. Dei mest ivrige vert til og med invitert opp på scenen! Dette lovar godt for resten av festivalen.

Del gjerne!