Kjetil Mulelid’s AGOJA i Gamlekinoen

Foto: Eirik Havnes

KJETIL MULELID´S AGOJA

Supertrio med stjernegjestar! 

Kjetil Mulelid – tangentar 
Andreas Winther – trommer 
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass 
Lars Horntveth – pedal steel
Trygve Seim – saksofon 
Mathias Eick – trompet 
Sissel Vera Pettersen – saksofon, vokal 

Som pianist har Kjetil Mulelid tatt steget som ein av våre verkeleg lyriske komponistane i jazzdammen – vakre og harmoniske melodiar vevd inn i intrikate rytmar, inspirert frå både frijazz og salmar. Med Agoja-prosjektet tar Mulelid eit steg vidare både som komponist og utøvar – her får han leika saman med nokre av dei fremste i norsk jazz, og lagar musikk med ein overflod av detaljar. Lars Horntveth er eit kjend fjes ifrå Jaga Jazzist, Mathias Eick er ein etablert soloartist, medan Trygve Seim har ei etablert karriere på ECM. Sissel Vera Pettersen har mellom anna opptrådd med Jon Balke, Trondheim Voices og Terje Isungset. Saman lagar dei overjordisk vakker musikk.  

Du kan sjå dei i Gamlekinoen laurdag 12. april.

Del gjerne!