Kjempeoppmøte på Badnajazzen!

Voss viste seg frå sitt vakraste på Ola Høyer Mads Berven og Kåre Opheim sin utekonsert ”No får det vera rock!”. Heile 400 born og vaksne hadde tatt turen til Mølstertunet i vårsola laurdag føremiddag. Dei framførte tøffe rockelåtar på kav bergensk og trioen la opp til at publikum fekk ta del i konserten med klapping tramping luftgitarspeling og romperisting. På repertoaret stod mellom anna kjende bornesongar i rocka stil som fekk satt i gang rockefoten hjå både born og vaksne. Steminga var på topp og borna ropte etter meir då dei tre humoristiske artistane takka for seg.